Hjuldyr
rekkje av ryggradslause dyr / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hjuldyr er ei rekke protostome pseudocoelomate dyr som lever i vatn over heile verda. Gruppa vart først beskriven i 1696 av John Harris, sjølv om mange kjelder nemner Anton van Leeuwenhoek. Hjuldyra er vanlege i ferskvatn over heile verda, men det finst òg nokre få saltvassartar. Nokre av dei sym fritt i vatnet og er planktoniske, andre kryp rundt på botnen og atter andre er fastsitjande dyr som anten lever i røyr eller heldt seg fast. Om lag 25 artar er koloniale, desse er anten fastsitjande eller planktoniske. Dei fleste hjuldyr er 0,1-0,5 mm lange og såleis berre synlege i mikroskop.
Kjappe fakta
Hjuldyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Hjuldyr Rotifera Cuvier, 1817 |
Lukk
Det finst om lag 2000 artar hjuldyr, fordelt på fem ordenar i to klassar.