Hjernenerve
nerve som går ut frå hjernen eller hjernestammen / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein hjernenerve (latin nervus cranialis, fleirtal nervi craniales), òg kalla kranienerve, er ein nerve i nervesystemet som spring ut frå eller går inn i hjernen eller hjernestammen, til skilnad frå dei andre nervane som kjem ut frå ryggmergen. Eit menneske har tolv par hjernenervar, og alle finst symmetrisk på både høgre og venstre side.
Somme hjernenervar er laga av nervetrådar som sender signal til hjernen, og desse blir kalla afferente nervar. Andre nervar sender signal frå hjernen, og ein kallar desse efferente nervefiber. Nokre av hjernenervane inneheld òg begge typane. Ein skil òg mellom visceral og somatisk innervasjon på hjernenervane. Det indikerer om nervane gir signal til innvolar (visceral) eller til mellom anna muskulatur (somatisk). Omgrepet spesiell blir og nytta for å skildre nerven har opphavet sitt i ein gjelleboge, og motsett nyttar ein generell dersom han ikkje kjem derfrå. Kvar hjernenerve utan dei to første har òg ein eller fleire hjernenervekjernar som nerven er knytt til.
Nokre av hjernenervane har i motsetnad til ryggmergsnervane ikkje eit likt greiningsmønster, og derfor er nerveløpet i hovudet ofte innvikla.
Nesten alle hjernenervane blir rekna som ein del av det perifere nervesystemet. Dei to første hjernenervane er likevel ein del av sentralnervesystemet fordi dei blir sett på som ei vidareføring av høvesvis storhjernen, cerebrum, og mellomhjernen, diencephalon.