Historia til Eurovision Song Contest
From Wikipedia, the free encyclopedia
Historia til Eurovision Song Contest starta då Marcel Bezençon fekk ein idé i 1955, basert på italienske Festival della Canzone Italiana di Sanremo.
Den fyrste tevlinga fann stad 24. mai 1956 i den sveitsiske byen Lugano, der sju land deltok. Sidan den gong har fleire land delteke og på slutten av 90-talet har opp imot 40 land vore med samstundes. Det var slutten på den kalde kringen som fekk antalet deltakarland til å stige, då fleire og fleire austblokkland ville vere med. Dette fortsette fram til 2005, då Bulgaria og Moldova vart dei siste austblokklanda som meldte seg på.
Liechtenstein, Vatikanstaten og Kosovo er dei einaste europeiske landa som ikkje har delteke. I tillegg har ei rekkje ikkje-europeiske land delteke i tevlinga, mellom anna Israel og Marokko.