From Wikipedia, the free encyclopedia
Hisøy kyrkje ligg på Hisøy i Arendal kommune i Agder og er soknekyrkje for Hisøy sokn.
Hisøy kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Karl Ragnar Gjertsen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Arendal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Arendal | ||
Fellesråd | Arendal | ||
Stad | Hisøy | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Periode | Empire | ||
Arkitekt | Gustav Adolph Lammers | ||
Teknikk | Reisverk | ||
Material | Tømmer | ||
Innvigd | 1849 | ||
Tårn | Aksialt plassert tårn | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | I tre frå 1849 | ||
Døypefont | I tre frå 1849 | ||
Altartavle | Altartavle frå 1861 med motivet «Jesus i Getsemane» av Christen Brun | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
Hisøy kyrkje 58.43341°N 8.74789°E | |||
Wikimedia Commons: Hisøy kirke | |||
Dette er ei krosskyrkje i empire frå 1849 som vart oppført etter teikningar av Gustav Adolph Lammers. Kyrkja er i tømmer og har 500 plassar. Ho har aksialt plassert tårn med to kyrkjeklokker frå Sundsvall i Sverige. Dei er frå 1849 og har innskrifta «Hiisøe Kirke 1849» og «Gjuten af A.P. Linderberg i Sundsvald».
Altartavla er måla av Christen Brun frå Bergen og har motivet «Jesus i Getsemane». Ho er frå 1861. Både preikestolen og døypefonten er i tre frå 1849 og er skåre av Torkildsen. Orgelet er relativt nytt, frå 1982, og kjem frå Bruno Christensen.
Kyrkja har eit votivskip frå 1860, etter tradisjonen er dette fregatten Himalaya. Votivskipet er i verkelegheita kjøpt frå utlandet i 1860 og er ein klipparmodell.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.