Hermeneutikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hermeneutikk (gresk: hermeneuein, «å forklara») er eit sett med teoriar som omhandlar prosessen å fortolka ein tekst og å skapa meining av denne. Hermeneutikken søkjer ei medvitsgjering over denne prosessen, og den føreslår også framgangsmåtar for tolking. (Ordet tekst blir her brukt i utvida form, og gjeld alle former for bodskap.)
Hermeneutikk vert også brukt om sjølve handlinga å fortolka ein tekst for å skapa meining ut av denne.
Hermeneutikken er også ein filosofisk retning, den blir omtala som historiefagets vitskapsmetode, og den blir brukt som ei personlegdomsutviklande mental øving.
Ordet kjem av det greske ordet hermeneuein — å uttrykka eller uttala, å utlegga eller forklara og å omsetja eller fortolka. Omgrepet er knytt til den greske guden Hermes. Han var ikkje berre bodet til gudane, men også den som uttrykte, forklarte og fortolka bodskapen.