Heraldiske våpen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Heraldiske kjenneteikn er våpenskjold som opphavleg kjem frå figurar og fargar nytta av riddarar i mellomalderen for å verta gjenkjende i kamp. Hovudelementet i eit våpenskjold er det som står i sjølve skjoldet: minst to fargar og ein eller fleire stiliserte figurar (kalla «heroldsfigurar», engelsk ordinaires) og/eller allmenne figurar (engelsk charges). Sidan våpenskjolda i mellomalderen vert systematiserte av stormennene sine heroldar, vert læra om våpenmerke kalla heraldikk.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/49/Triangle_heraldic_shield_proportions.svg/110px-Triangle_heraldic_shield_proportions.svg.png)