John Henry Fuseli, opphavleg Johann Heinrich Füssli, (7. februar 174116. april 1825) var ein sveitsisk-britisk kunstmålar og forfattar. Hans kanskje mest kjende måleri er Marerittet frå 1781, som viser ei kvinne som i søvne vert riden av ei mare i form av ein demon ihopkrøkt på brystet hennar. Fuseli er også kjend for biletseriar med samband til William Shakespeares og John Miltons dikting.

Kjappe fakta
Henry Fuseli
Thumb
StatsborgarskapSveits, Storbritannia
Fødd7. februar 1741
Zürich
Død

16. april 1825, 1825 (84 år)
Putney

Yrkekunstmålar, lyrikar, teiknar, illustratør, grafikar, bygningstegner, kunsthistorikar, biletkunstnar
Sjangerportrettmåleri, religiøst maleri, historiemåleri, portrett
Medlem avRoyal Academy of Arts
ReligionProtestantisme
FarJohann Caspar Füssli
Henry Fuseli på Commons
Lukk

Liv og gjerning

Thumb
The Nightmare (Marerittet), 1781
Thumb
Fuseli i samtale med Johann Bodmer, 1778-1781

Fuseli var fødd i Zürich i Sveits. Han var son til Johann Caspar Füssli, ein portrett- og landskapsmålar og dessutan forfattar av ei kunsthistorisk bok. Fuseli studerte teologi og vart vigd til prest i 1761. År 1763 vart han og kameratane Felix Hess og Johann Caspar Lavater tvinga til å forlate Zürich, då dei i ein pamflett hadde kritisert Felix Grebel, landsfuten i Grüningen. Dei tre besøkte Vorpommern og møtte openberringsteologen Johann Joachim Spalding. I 1765 reiste Fuseli till England. Etter å ernært seg som skribent, vart Fuseli i 1767 kjend med Joshua Reynolds. Denne overtala Fuseli til å satse på måleri. Åra 1700-78 budde Fuseli i Italia. Der møtte han mellom andre Johan Tobias Sergel.

I 1779 vende Fuseli tilbake til London. Han vart i 1778 medlem av kunstakademiet Royal Academy of Arts. Same året gifta han seg med Sophia Rawlins. Ekteskapet innebar slutten på eit kjærleiksforhold mellom Fuseli og Mary Wollstonecraft, som Fuseli hadde portrettert.

Kunstnarleg arbeidde Fuseli på oppdrag av Alderman Boydell med måleri til eit Shakespeare-galleri. Han hjelpte til på den engelske utgåva av vennen Lavater sitt arbeide om fysiognomi. Fuseli hjelpte også William Cowper med den engelske omsetjinga av Homeros sitt verk. År 1799 vart Fuseli utnemnd til professor i måleri ved Royal Academy. Same året stilte Fuseli ut 47 måleri inspirerte av John Milton sitt verk, Det tapte paradis. Miltonprosjektet vart ein økonomisk fiasko.

Fuseli døydde i Putney Hill, og vart gravlagd frå St. Pauls katedral i London.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Henry Fuseli

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.