Henie Onstad Kunstsenter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Henie Onstad Kunstsenter er eit biletkunstmuseum på Høvikodden i Bærum kommune sørvest for Oslo, som vart opna av «kunstløpdronninga» Sonja Henie og ektemannen hennar, skipsreiar Niels Onstad i 1968. Dei gav i 1961 den private samlinga si av samtidskunst, til saman 110 målarstykke, i tillegg til pengar til bygging og drift av museet, som gåve for å få skipa Sonja Henies og Niels Onstads Stiftelser, som eig museet og samlingane. Bærum kommune gav samstundes tomta på 140 mål som museet vart bygd på. Dei to donatorane er gravlagde på området.
Henie Onstad kunstsenter er ein viktig arrangør av temporære utstillingar og framsyningar i tillegg til utstillingar av verk frå eiga samling. Museet hyser òg Sonja Henies store samling av premiar etter innsatsen hennar på skeiser.
Ei populær offentleg badestrand ligg attmed museet.