Hedy Schlunegger (10. mars 19233. juli 2003) var ein sveitsisk skirennar frå Wengen. Ho vann gullmedaljen i utforrennet under vinter-OL 1948 i St. Moritz.

Kjappe fakta
Hedy Schlunegger
StatsborgarskapSveits
Fødd10. mars 1923
Wengen
Død 5. juli 2003 (80 år)
Grindelwald
Idrettalpint
Tok del i alpine skiing at the 1948 Winter Olympics – women's downhill
Lukk

Schlunegger vart sveitsisk meister i utfor i åra 1942, 1944, 1946, 1947. Dei to siste åra vart ho nasjonal meister også i kombinasjonsøvinga, som ho elles hadde vunne første gongen i 1943. Under vinterolympiaden 1948, på sveitsisk snø, kom ho i utforrennet i mål på tida 2.28,3, åtte tidels sekund betre enn sølvvinnaren Trude Beiser frå Austerrike.

Etter at ho la opp som aktiv alpinist, dreiv Schlunegger ein sportsbutikk i Grindelwald saman med ektemannen. Ho døydde i Grindelwald i 2003. Skirennaren Martina Schild er dotterdotter hennar.

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.