From Wikipedia, the free encyclopedia
MP7 er ein maskinpistol frå tyske Heckler & Koch i kaliber 4,6 × 30 mm. Han vart utforma på grunn av eit Nato-krav frå 1989 om ein maskinpistol med høgare penetrasjonsevne i kroppspansring enn maskinpistolar som fanst då.
Konstruksjonen er kompakt og i stor grad laga med plastmaterialar. 4,6 mm-ammunisjonen har ein svært høg utgangsfart, noko som gjev stor effekt i målet.
MP7 passar inn i ei klasse svært lette og kompakte finkalibra maskinpistolar som på engelsk har fått namnet personal defence weapon (PDW).
Den 31. mai 2007 underteikna Forsvaret kontrakt med Heckler & Koch om leveranse av 6 500 stk Heckler & Koch MP7.[1] Våpenet skal erstatta den gamle MP5-en og vart sett i teneste sumaren 2008.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.