![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/55/NorwegiansolderHK416.jpg/640px-NorwegiansolderHK416.jpg&w=640&q=50)
Heckler & Koch HK416
From Wikipedia, the free encyclopedia
HK416 er eit moderne automatgevær frå tyske Heckler & Koch (HK).
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/92/HK416N.png/640px-HK416N.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/55/NorwegiansolderHK416.jpg/640px-NorwegiansolderHK416.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ac/HKUSP.png/640px-HKUSP.png)
Våpenet er i bruk av Det norske forsvaret, amerikanske Delta Force og DEVGRU, og dessutan den taiwanske kystvakta. I tillegg har nokre amerikanske politistyrkar teke det i bruk. HK416 i original utføring vert ikkje selt på den sivile marknaden. Eit konkurransevåpen avgrensa til halvautomatisk eld vert marknadsført som MR223 i Europa og MR556 i USA. Bortsett frå enkelte skilnader i avtrekkarmekanismen og små endringar for å hindra bruk av heilautomatisk mekanisme i ei halvautomatisk rifle er riflene stort sett like.[1] MR223, og dessutan «storebroren» MR308 (som er ei sivil utgåve av HK417), kan i Noreg ervervast til konkurranseskyting i regi av DSSN og NROF
I april 2007 bestilte Det norske forsvaret 8 200 gevær som arvtakar til AG-3. Dei vart utstyrte med optiske sikte frå svenske Aimpoint. Kontrakten på våpena var verd 100 millionar kroner, medan siktemidla kosta 50 millionar kroner.[2] Forsvaret innførte våpenet i 2008.