![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a6/Hatlestad_terrasse.jpg/640px-Hatlestad_terrasse.jpg&w=640&q=50)
Hatlestad terrasse
veg i Bergen kommune / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hatlestad terrasse er eit bustadområde og ein blindveg på Hatlestad i Fana bydel i Bergen kommune. Han går sørover frå Osvegen og i ein hestsko mot nord. Vegen er om lag 1,1 km lang.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a6/Hatlestad_terrasse.jpg/640px-Hatlestad_terrasse.jpg)
Namnet vart vedteke i 1973 og er kalla opp etter garden Hatlestad.
Staden vart landskjend i september 2005 då ekstreme nedbørmengder førte til eit ras som råka eit rekkehus. Tre menneske mista livet og sju vart skadde.