From Wikipedia, the free encyclopedia
Hansa bryggeri er eit bryggeri i Bergen. Hansa produserer pilsnerøl, bayerøl, fatøl, lettøl, vørterøl og brus.
Hansa bryggeri | |||
Hovudkontoret til Hansa på Kokstad. | |||
Skipa | 1891 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | http://hansaborg.no/bryggerier/Hansa-bryggeri/ |
Bryggeriet vart stifta i 1891 då Waldemar Stoud Platou kjøpte opp det lokale bryggeriet Det Sembske Bryggeri, og gav det eit nytt namn. Opphavleg heldt bryggeriet til på Kalfaret, men på 1980-talet flytta dei mesteparten av verksemda si til Kokstad, eit industriområde knappe to mil sør for Bergen sentrum.
Namnet «Hansa» er oppkalla etter hanseatane, det tyske handelsforbundet som var så viktig for bergensk økonomi i sein mellomalder.
Hansa bryggeri er i dag samanslått med Borg bryggeri i Sarpsborg og Christianssands Bryggeri (CB) i Kristiansand til Hansa Borg Bryggerier ASA.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.