Hanna og Hannah er kvinnenamn av hebraisk opphav, kjende frå jødisk, kristen og muslimsk namnetradisjon. Dei kan også brukast som etternamn. Andre stavemåtar er Channah, Chana, Hana og Hanne.
Namnet stammer frå det hebraiske ordet channah (חַנָּה) som kan tyda 'benåda' eller 'yndig'. Det kan også vera ei kortform av Johanna, lik Hanne. Hanna opptrer i Bibelen som mor til profeten Samuel og i Koranen som mor til Maryam (Jomfru Maria).
Kjende namneberarar
Førenamn
- Hanna i Bibelen, mor til Profeten Samuel.
- Hanna Winsnes (1789–1872), norsk forfattar
- Hanna Resvoll-Holmsen (1873-1943), norsk økolog
- Hannah Ryggen (1894-1970), svensk-norsk tekstilkunstnar
- Hannah Arendt (1906–1975), tysk-jødisk filosof
- Hanna Kvanmo (1926–2005), norsk politikar
- Hanna Schygulla (f. 1948), tysk skodespelar
- Hanna Ljungberg (f. 1979), svensk fotballspelar
- Hannah Spearritt (f. 1981), britisk songar, kjend frå S-Club
- Hannah Stockbauer (f. 1982), tysk verdsmeister i symjing
- Hannah Kearney (f. 1986), USA-amerikansk kulekøyrar
- Hannah Teter (f. 1987), USA-amerikansk snøbrettkøyrar
Etternamn
- William Hanna (1910-2001), USA-amerikansk animatør
- Daryl Hannah (f. 1960), USA-amerikansk skodespelar
Annan bruk
- Hannah Montana er ein USA-amerikansk fjernsynsserie, som også har vorte spelefilm.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.