Hallvar Thoresen
norsk fotballspelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hallvar Thoresen (fødd 12. april 1957) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han er son av den tidlegare landslagsspelaren Gunnar Thoresen, og var ein av Noregs beste og mest meritterte spelarar på 1980-talet. Han spelte til saman 50 A-landskampar (kaptein i 38), og scora 9 mål for Noreg – deriblant vinnarmålet i den historiske sigeren over England i 1981. Han er éin av berre seks norske landslagsspelarar som aldri har spela i den heimlege toppserien. Thoresen har sidan hatt karriere som spelarutviklar og trenar, og seinast som sportssjef for fotballklubben Odd Grenland.
Kjappe fakta
Lukk