Høgtlesing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgtlesing er ei form for lesing som går ut på å gje ein skriven tekst munnleg form, i motsetnad til stillelesing eller å høyra på ei lydbok.
Ved høgtlesing utfører ein tre hovudoperasjonar:
- ein stille, visuell leseoperasjon (eg les, eg forstår)
- en taleoperasjon (eg seier det eg har lese og forstått)
- ein tilbakemeldingsoperasjon (eg tek omsyn til effekten av talen min på tilhøyraren).
Høgtlesing kan utførast av forfattaren av teksten, av ein profesjonell skodespelar (noko som ofte er tilfelle med lydbøker) eller av ein tilfeldig lesar (elev, lærar, bibliotekar, familiemedlem). Ein kan lesa høgt for seg sjølv eller eit publikum på ein eller fleire personar.