Hòlemåleri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hòlemåleri er bergkunst frå førhistorisk tid laga på veggar i hòler og hellerar. Slike måleri er kjende frå store delar av verda, og nokre av dei er fleire titals tusen år gamle. Dei er dermed blant dei eldste kunstverka i verda.
Til forskjell frå bergkunst i det fri, er hòlemåleri verna frå vêr og vind, slik at fargepigment held seg ved like. Svært ofte er det raud oker blanda med eit bindemiddel som er brukt, men måleria kan også innehlada gul oker, kol, hematitt og manganoksid. Dyr er svært ofte motiv for mange hòlemåleri, og noko sjeldnare menneskefigurar, hender eller abstrakte figurar. Ein finn ofte hòlemåleri i hòler som ikkje blei brukt som bustad og ofte var litt utilgjengelege.[1]