![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b6/GustaveMoreau02.jpg/640px-GustaveMoreau02.jpg&w=640&q=50)
Gustave Moreau
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gustave Moreau (6. april 1826–18. april 1898) var ein fransk målar. Han er rekna til kunstretninga symbolismen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4e/Gustave_Moreau_Orph%C3%A9e_1865.jpg/640px-Gustave_Moreau_Orph%C3%A9e_1865.jpg)
Gustave Moreau | |
![]() | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 6. april 1826 Paris |
Død | |
Yrke | bilethoggar, kunstmålar |
Sjanger | historiemåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri |
Medlem av | Académie des beaux-arts |
Far | Louis Moreau |
Gustave Moreau på Commons |
Moreau måla hovudsakleg bibelske og mytologiske figurar. Forma hans var arkaiserande, han brukte ein kraftig fargeprakt og bileta stod fjernt frå impresjonismen og den akademiske kunsten i samtida hans. Dei eksotiske og mystiske motiva hans danna ei bru mellom dei franske romantikarane og den franske symbolismen, ein nyromantisk retning på slutten av 1800-talet, og Moreau vart rekna som ein føregangsmann innan denne kunstretninga.
Han vart professor ved Académie des Beaux-Arts i Paris i 1891, og mellom andre var fauvismemålarane Henri Matisse og Georges Rouault av studentane hans.
Moreau vart fødd og døydde i Paris. Han er gravlagd på Cimetière de Montmartre. Musée Gustave Moreau i Paris er ett av byens mest ekstravagante. Museet har lokale i det som før var studioet hans, og vart opna for publikum i 1903.