Gustava Kielland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gustava Kielland (fødd Susanne Sophie Catharina Gustava Blom (6. mars 1800–28. februar 1889) var saman med mannen presten Gabriel Kielland ein av føregangspersonane for misjon i Noreg. Ho er elles særleg kjent for å ha skrive julesongen «O, jul med din glede».
Gustava Kielland | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mars 1800 Kongsberg kommune |
Død |
28. februar 1889 (88 år) |
Yrke | skribent |
Språk | norsk |
Ektefelle | Gabriel Kielland |
Gustava Kielland på Commons |
Gustava Kielland stifta Noregs aller første kvinneforeining i Lyngdal. Den første møteprotokollen til foreininga er datert 1844.
Elles stod ho saman med mannen i spissen for varige forandringar lokalt og nasjonalt. Andre juledag 1837 vart Lyngdal Afholdsforening stifta på kyrketrappa, og det vart danna misjonsforeninger knytte til kvar av kyrkjene i soknet.
På sine gamle dagar dikterte Gustava sine Erindringer fra mitt liv, gjeve ut som manuskript for slekta i 1882. Ei ny utgåve, bearbeidd for offentlegheita, kom i 1899. Boka inneheld ei samling dikt. Det mest kjende av desse er «Liden Ekorn».
Lyngdal, staden der Gabriel og Gustava budde store delar av livet, har i dag eit eige misjonsmuseum som heidrar minnet til paret. Gustava Kielland døydde i Skien i 1889.