![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/41/Tusenaarsstaden_Gulatinget.jpg/640px-Tusenaarsstaden_Gulatinget.jpg&w=640&q=50)
Gulatinget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gulatinget er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Ingen kan sikkert seie når det fyrste Gulatinget vart halde, så langt attende i tida går ikkje den skrivne soga. Men vi veit at Alltinget på Island frå tidleg på 900-talet hadde Gulatinget som førebilete. Frå området frå Lyngør i sør, til nord for det som i dag er Ålesund, kom det sendemenn til tingstaden i Gulen. Gulatingslova galdt òg for fjellbygdene i Valdres og Hallingdal, vestover til Færøyane og Shetland, og ei tid truleg også i Numedal og Telemark (ikkje Grenland).
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/41/Tusenaarsstaden_Gulatinget.jpg/640px-Tusenaarsstaden_Gulatinget.jpg)
Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for tusen år sidan, og lova kom til å setje preg på mange andre lover. Dei lovene vi har i Noreg i dag, er framleis tufta på dei gamle gulatingslovene.
Til det årlege Gulatinget møtte kongen, hersar, bønder og deira lovseiemenn. Tinget vart styrt av lagmannen og dei utsende lovseiemennene. Gjennom tingingar vart lovene til. Saker vart førte fram og rettsavgjerder (orskurder) fall. Dei vart vedtekne med våpentak: Ved slag av våpen mot våpen. Slik kan vi tenkje oss at Gulatinget vart halde.
Gulatinget vart halde på Flolid gard i Gulen kommune like sør for munningen av Sognefjorden, til det vart flytt til Bergen på 1200-talet. Då var Gulen lengst nord i Hordaland fylke, men i våre dagar er Gulen den sørlegaste kommunen i Sogn og Fjordane fylke.
Tusenårsstaden Gulatinget ligg på Flolid, 3,5 km aust for Eivindvik og markerer at Gulatinget vart halde på staden i lang tid. I Soga om Håkon Håkonsson står det at bygde kyrkja på Guløy, der dei hadde reist på Gulating. Guløy er namnet på halvøya som tilhøyrer Flolid gard. Guløy /Flolid området har mange lokale namn, som knyter staden til Gulatinget. Der ligg tingvollane. Der ligg Knarrholmen. Der ligg Veholmen. På toppen av Guløy finn me domsteinen, krosshaugen. Desse namna er framleis i bruk.
Av Gulatinget kjem nemninga «Gulating lagmannsrett». Lagmannsretten har hovudsete i Bergen.
Andre tingsete: Frostatinget, Øyratinget, Eidsivatinget og Borgartinget.