Gugh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gugh (kornisk Keow, tyder «Innhegningsbankane») er ei tidvassøy i Scillyøyane i England. Det står to hus på øya og i 2001 hadde ho tre innbyggjarar. Ho er knytt til øya St Agnes ved sandbanken Gugh Bar. Denne er berre synleg ved lågvatn.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Gugh | |
---|---|
Sandbanken mellom Gugh og St Agnes. | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 49°53′40″N 6°19′55″W |
Øygruppe | Scillyøyane
|
Administrasjon | |
Land | England |
Grevskap | Cornwall
|
Demografi | |
Folketal | 3 (2001) |
Lukk
Namnet vert ofte ofte uttalt feil som ‘Goo’, ‘Guff’ eller ‘Gogh’, men det rette skal vere ‘Gju’.
Det ligg ein gravhaug eller dolmen, Kittern Hill, på Gugh. The Old Man og Gugh (Den gamle mannen på Gugh) er ein 2,7 meter høg stein eller menhir som står ved botn av Kittern Hill. Denne vart plassert her i bronsealderen. Ein annan gravhaug er Obadiah's Barrow.