From Wikipedia, the free encyclopedia
Guaraní er eit tupiansk språk som vert snakka i Argentina, Bolivia, Brasil og Paraguay i Sør-Amerika. Det tilhøyrer tupí-guaraní-språka. Det er offisielt språk i Paraguay (saman med spansk), der det vert snakka av 94 % av innbyggjarane. Det er dermed det einaste indianske språket i Amerika som har fleire talarar enn det europeiske kolonispråket i noko land. Guaraní er òg offisielt språk i dei argentinske provinsane Corrientes og Misiones.
Guaraní avañe'ẽ | ||
Klassifisering | Tupiansk Tupí-guaraní-språk Guaraní | |
Bruk | ||
Tala i | Argentina Bolivia Brasil Paraguay | |
Guaranítalande i alt | 7 000 000 | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Paraguay | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | gn | |
ISO 639-2 | grn | |
ISO 639-3 | grn – guaraní (generisk)nhd – chiripágui – austbolivisk guaranígun – mbyá-guaranígug – paraguayansk guaranígnw – vestbolivisk guaraní | |
Wikipedia på guaraní |
Guaraní er det einaste indianske språket der majoriteten av brukarane ikkje er indianarar. Dette er ikkje vanleg i Amerika, der tendensen elles er at dei hellar mot å bruke dei meir prestisjetunge, offisielle språka (i dette tilfellet spansk).
Jesuittpresten Antonio Ruiz de Montoya, som skreiv ei bok kalla Tesoro de la lengua guaraní (1639), skildra guaraní som «så rikt og elegant at det kan mæle seg med dei mest berømte [språka]».
Guaraní skil mellom 33 fonem, av dei er 12 vokalar og 21 konsonantar.
Guaraní har 6 orale og 6 nasale vokalar.
orale | nasale | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Fremre | Midre | Bakre | Fremre | Midtre | Bakre | |
Høge | i | ɨ | u | ĩ | ɨ̃ | ũ |
Låge | e | a | o | ẽ | ã | õ |
Den ortografiske representasjonen er identisk med den vokalane har i IPA, med unntak av grafema <y, ỹ> som blir brukt til å representere fonema /ɨ, ɨ̃/.
Guaraní har 21 konsonantar.
bilabial | alveolar | alveo- palatal |
velar | glottal | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Frikativar | / β / v |
/ s / s |
/ ʃ, ʒ / ch, j |
/ ɣ, ɣ̃/ g, g̃ |
||
Plosivar | ustemt | / p / p |
/ t / t |
/ k / k |
/ ʔ / ' | |
stemt | / b̃ / mb |
/ d̃ / nd |
/ g̃ / ng |
|||
Sonorantar | Nasal | / m / m |
/ n / n |
|||
Likvidar | / ɾ, l / r, l |
/ j / i |
Trykket i guaraní ligg som regel på siste stavinga i stammen av ordet, grammatiske endingar har ikkje trykk.
Guaraní har ein konsonantmutasjon som minnar om den i keltiske språk. Mange ord som byrjar på /t-/ endrar konsonant når dei er avhengig av eller blir samansett med andre ord:
Guaraní | Norsk |
---|---|
tape | veg |
che rape | min veg |
hape | hans veg |
Guaraní er eit agglutinerande språk. I setningar med subjekt er det eit SVO-språk, men ordstillinga er gjerne OV når subjektet ikkje er uttrykt. Guaraní har ikkje grammatisk genus og har ikkje bestemt artikkel.
Substantiv i guaraní blir bøygd i tempus, preteritum (uttrykt med -kue) og futurum (-rā)
Guaraní skil mellom inklusiv og eksklusiv fleirtal.
1.p. | 2.p. | 3.p. | |
---|---|---|---|
singular | che | nde | ha'e |
plural | ñande (inklusiv), ore (eksklusiv) |
peẽ | ha'ekuéra |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.