Geologisk eining
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei geologisk eining er ein berg- eller ismasse som ein kjenner opphavet til og der alderen er definert ut frå petrografiske, litologiske eller paleontologiske eigenskapar (facies).
Einingane må vere mogelege å kartlegge og skilje frå kvarandre, men kontakten treng ikkje å vere særleg tydeleg. Til dømes kan ei eining definerast ut frå uttrykk som «når sandsteinskomponenten er 75 % eller meir».