From Wikipedia, the free encyclopedia
Grisebukta (spansk Bahia de Cochinos, engelsk Bay of Pigs) er ei bukt i Det karibiske havet som ligg heilt sør i regionen Matanzas på Cuba. På vestsida er området prega av mangrovesumpar mens austsida av Grisebukta består av ordinære strender og savannevegetasjon.
«Grisebukta» kan vera ei feilomsetjing av cochinos, som òg er eit namn på ein type avtrekkjarfisk, Balistes vetula, som finst ved Cuba.
Grisebukta blei verdskjent 17. april 1961 da CIA og eksilcubanske batistatilhengarar invaderte Cuba med ein styrke på 1500 mann og ved hjelp av skip frå US Navy og United Fruit Company. Invasjonen fann stad på austsida av Grisebukta etter at CIA-bombefly – måla i cubanske fargar – nokre dagar i førevegen hadde bomba flyplassane i blant anna Havanna By og Santiago de Cuba.
Invasjonen blei nedkjempa i løpet av 72 timar av cubanske hæreiningar og frivillige som blei leia av Fidel Castro personleg.
På vestsida av Grisebukta, Playa Girón, er det eit museum til minne om invasjonen og cubanarane som mista livet i kampen mot invasjonsstyrken.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.