Grete Ingeborg Nykkelmo
norsk langrennsløpar og skiskyttar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Grete Ingeborg Nykkelmo (fødd 25. desember 1961) er ein norsk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Selbu. Ho er individuell verdsmeister i både langrenn og skiskyting. Under VM på ski 1985 i Seefeld tok ho fire medaljar; gull på 20 km, sølv på stafetten og bronse på både 5 og 10 km. I 1991 vart ho verdsmeister i 7,5 km i skiskyting. Ho representerte Selbu IL i langrenn og Voss Skiskyttarlag i skiskyting. Nykkelmo er gift med Vegard Ulvang og bur i Oslo.
Kjappe fakta
Grete Ingeborg Nykkelmo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. desember 1961 (62 år) Trondheim |
Yrke | skiskyttar, langrennsløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 172 centimeter |
Ektefelle | Vegard Ulvang |
Grete Ingeborg Nykkelmo på Commons |
Lukk