![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/de/Part_of_Great_Barrier_Reef_from_Helicopter.jpg/640px-Part_of_Great_Barrier_Reef_from_Helicopter.jpg&w=640&q=50)
Det store barriererevet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Great Barrier Reef, det store barriererevet, er det største korallrevet i verda, og ligg ved kysten av Queensland nordaust i Australia. Revet er om lag 2000 km langt, og kan sjåast frå verdsrommet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/de/Part_of_Great_Barrier_Reef_from_Helicopter.jpg/640px-Part_of_Great_Barrier_Reef_from_Helicopter.jpg)
Revet vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1981, og store delar av det er verna av Great Barrier Reef Marine Park. Revet vart det største havreservatet i verda då det australske miljøverndepartementet utvida det verna området frå 4,5 % av revet til 33,3 % den 1. juli 2004.
Sidan det er bygd opp av mange levande korallar, vert det store barriererevet av og til kalla den største levande organismen i verda. Dette er ikkje heilt rett, ettersom korallane dannar mange ulike koloniar.