![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/42/Siouxsie_sioux.jpg/640px-Siouxsie_sioux.jpg&w=640&q=50)
Gothic rock
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gothic rock eller goth rock (ofte berre kalla goth) er ein musikalsk undersjanger av post-punk og alternativ rock som oppstod seint i 1970-påra. Gothic rock-band hadde sterke band til den engelske punkrock- og den gryande post-punk-rørsla. I følgje både Pitchfork[2] og NME,[3] er protogoth-banda Joy Division,[2][3] Siouxsie and the Banshees,[2][3] Bauhaus[2][3] og The Cure.[2][3] Grupper som noko seinare tok over dominansen er mellom anna Sisters of Mercy og Fields of the Nephilim. Sjangeren i seg sjølv vart definert som ei eiga grein av punkrock tidleg i 1980-åra på grunn av større stilmessige skilnader frå miljøet. Gothic rock, i motsetnad til punk, kombinerer mørke, ofte synthesizerdominert musikk, med innadvente og deprimerte tekstar. Gothic rock gav så opphav til ein større subkultur som omfatta mote og mange publikasjonar som vart meir populære utover i 1980-åra.
Gothic rock | |||
![]() | |||
Stilmessig opphav | Punkrock, post-punk, glamrock[1] | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Seint i 1970-åra, Storbritannia | ||
Typiske instrument | Gitar - Bass - trommer - trommemaskin - synthesizer - klaver | ||
Avleidde former | Ethereal Wave | ||
Undersjangrar | |||
Dark Cabaret - deathrock - gothabilly - Dark Wave - Gothic Metal | |||
Andre emne | |||
Dark Wave - Kultur - Mote |