Gonoré
seksuelt overførbar sjukdom / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gonoré er ein seksuelt overførbar sjukdom som skyldast infeksjon med den Gram-negative bakterien gonokokk, Neisseria gonorrhea. På folkemunne er sjukdommen kjend som «dryppert», etter utfloda som er eit symptom, og «pisse piggtråd», på grunn av den smertefulle vasslatinga han gjev. Gonoré er ein av dei mest utbreidde kurerbare kjønnssjukdommane i verda, og kan føra til sterilitet.