Gollegiella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gollegiella (nordsamisk fro 'gullspråket') er ein nordisk samisk språkpris som vart oppretta i 2004 av ministrane som var ansvarlege for samiske spørsmål og av sametingspresidentane i Noreg, Sverige og Finland. Prisen er på 15 000 euro og blir delt ut annakvart år.
Einskildpersonar og institusjonar i desse tre landa og Russland kan gjere framlegg om kandidatar. Formålet med prisen er å fremje, utvikle og bevare dei samiske språka. Språka kan bli delt ut til einskildpersonar, grupper, organisasjonar og institusjonar, og det er mogleg å dele prisen.