![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/91/Flag_of_Givatayim.svg/langnn-640px-Flag_of_Givatayim.svg.png&w=640&q=50)
Giv'atayim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Giv'atayim (hebraisk skrift גִּבְעָתַיִם, tyder «To høgder») er ein by i Israel aust for Tel Aviv. Han er ein del av storbyområdet kalla Gush Dan. Givatayim vart grunnlagd i 1922 av pionerar under den andre Aliyah. Han hadde eit folketal på 54 700 innbyggjarar i 2011.[1]
Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Giv'atayim | |||
גִּבְעָתַיִם, Givatayim, Givataim | |||
by | |||
Panorama av Giv'atayim | |||
|
|||
Namneopphav: To høgder | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Koordinatar | 32°04′11″N 34°48′42″E | ||
Areal | 3,211 km² | ||
Folketal | 54 700 (2011)[1] | ||
Folketettleik | 17 035 / km² | ||
Grunnlagd | 1922 | ||
• Bystatus | 1959 | ||
Borgarmeister | Ran Kunik | ||
![]() Giv'atayim 32.069722222222°N 34.811666666667°E / 32.069722222222; 34.811666666667 | |||
Wikimedia Commons: Givatayim | |||
Lukk
Namnet på byen kjem frå dei to høgdene han vart grunlagd på, Borochovhøgda og Kozlovskyhøgda. Kozlovsky er den høgaste åsen i Gush Dan-området med ei høgd på 85 meter over havet. Byen vart utvida i 1930-åra og dekkjer no i røynda 4 høgder.