From Wikipedia, the free encyclopedia
Giuliana Minuzzo (26. november 1931–11. november 2020) var ein italiensk skirennar frå Vallonara di Marostica i Vicenza-provinsen som vann to OL-bronsar og ein VM-bronse under dei olympiske leikane 1952, 1956, 1960.
Giuliana Minuzzo | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 26. november 1931 Vallonara |
Død |
11. november 2020 (88 år) |
Yrke | alpinist |
Språk | italiensk |
Giuliana Minuzzo på Commons |
Minuzzo vann bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1952 i Oslo, einast austerrikske Trude Jochum-Beiser og Mirl Buchner frå Tyskland rann fortare. I slalåm delte ho åttandeplassen med same Jochum-Beiser.
Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart det ingen olympisk medalje på Minzzuo, men to fjerdeplassar og ein 13. plass i storslalåm, hjelpte henne til VM-bronse i kombinasjonen, ei tevling basert på prestasjonane i dei olympiske tevlingane.
Minuzzo tok sin andre olympiske bronsemedalje då ho under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley vart nummer tre i storslalåm, høvesvis tre og to tidels sekund bakom Yvonne Rüegg frå Sveits og Penny Pitou frå USA. I slalåm vart ho nummer ti.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.