From Wikipedia, the free encyclopedia
Gilboafjellet (hebraisk הר הגלבוע, Har haGilboa) er ei fjellkjede oppom Jezreeldalen nord i Israel.
Gilboafjellet | |||
fjellkjede | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 32°26′02″N 35°24′52″E | ||
Gilboafjellet 32.433888888889°N 35.414444444444°E | |||
Kart som viser Gilboafjellet.
| |||
Wikimedia Commons: Mount Gilboa | |||
I Bibelen leia kong Saul, den første israelske monarken, eit åtak mot filistrane på Gilboafjellet. Slaget endar med at kongen fell på sitt eige svert og Jonatan vert drepen i slaget. David, som kjem til staden etter slaget, forbannar fjellet: «De Gilboa-fjell, gjev det aldri må falla dogg eller regn på dykk, gjev markene aldri må bera førstegrøde! For der låg tilsølte krigarskjold, Sauls skjold var ikkje smurt med olje.» (2. Samuel 1:21)[1]
Formasjonen strekkjer seg frå søraust til nordvest og grensar til høglandet på Vestbreidda og Beit She'an-dalen. Den grøne linja mellom Israel og Vestbreidda går sør og vest for ryggen.
Kvart år blømer Irus Ha-Gilboa, ein rosa iris, på fjellet. Det er oppretta to naturreservat på Gilboa. Irus Ha-Gilboa naturreservat i 1970, som dekkjer 7,28 km² og Aust-Gilboa-reservatet i 2005, som dekkjer 18,29 km².[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.