![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8f/Gianni_and_Anni.jpg/640px-Gianni_and_Anni.jpg&w=640&q=50)
Gianni Romme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gianni Petrus Cornelis Romme (fødd 12. februar 1973) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Lage Zwaluwe. Langdistansespesialisten Romme vann to gull under Vinter-OL 1998 og vart to gongar verdsmeister i firkamp, samt europameister i 2003.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4a/Romme-NK2003.jpg/220px-Romme-NK2003.jpg)
Gianni Romme | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 12. februar 1973 (51 år) Lage Zwaluwe |
Yrke | skøyteløpar |
Høgd | 190 centimeter |
Gianni Romme på Commons |
Romme vart olympisk meister både på 5 000 m og 10 000 m under vinterleikane 1998 i Nagano. I februar 2000 vann han ein suveren siger då firkamp-VM fann stad i Milwaukee, landsmennene Ids Postma og Rintje Ritsma syrgde for at nederlendarar tok alle pallplassane.
Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City tok Romme sølvmedaljen på 10 000 meter, slått av landsmannen Jochem Uytdehaage. Vinteren 2003 triumferte Romme både ved EM i Heerenveen og firkamp-VM i Göteborg i 2003.
I tida 1996-2004 vann Romme sju gull, to sølv og tre bronsar i ulike VM i distanseløp, alle tolv medaljane kom på 5- eller 10 000 meter. Over ein periode på tre år, desember 1997-november 2000, sette Romme fire verdsrekordar på 5 000 m og tre på 10 000 m.