![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d6/GeneticCode21-version-2.svg/langnn-640px-GeneticCode21-version-2.svg.png&w=640&q=50)
Den genetiske koden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den genetiske koden er i hovudsak felles for alt liv på jorda. Berre bakteriar og arkebakteriar har mindre avvik. Denne koden bestemmer korleis protein skal byggjast opp på grunnlag av RNA-molekyl som igjen er avskrivingar av DNA-molekyla. Basane vert lesne tre og tre, og kvar triplettkombinasjon kodar for ei bestemt aminosyre. Ein slik triplett av basar vert kalla eit kodon. Tre av kombinasjonane kodar ikkje for noka aminosyre, og gjev eit brot i aminosyrekjeda. Aminosyrekjeda vert kalla eit peptid. Det er fire typar basar i RNA-molekylet som vert forkorta U, C, A og G. Dette gjev 64 moglege triplettkombinasjonar. Kombinasjonen AUG vert lesen som startpunkt i byrjinga av ein sekvens, men som aminosyra metionin (Met) inne i ein sekvens.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d6/GeneticCode21-version-2.svg/320px-GeneticCode21-version-2.svg.png)