Genesaretsjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Genesaretsjøen er den største ferskvassinnsjøen i Israel. Han er hjarteforma med ei kystlinje på 53 km, er kring 21 km lang og 13 km brei.[3] Innsjøen har eit areal på 166,7 km² og den største djupna er 43 meter.[4] Genesaretsjøen ligg mellom 215 og 209 meter under havnivå,[5] og er med dette den lågastliggande ferskvassjø på jorda og den nest lågaste innsjøen etter Daudehavet, som er ein saltvassjø.[6] Innsjøen får delvis vatn frå undervasskjelder, men hovudkjelda er Jordanelva som flyt frå nord til sør.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Genesaretsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Del av | Jordandalen | ||
Tilsig | Øvre Jordanelva og lokale elvar[1] | ||
Utløp | Nedre Jordanelva | ||
Nedslagsfelt | 2 730 km² | ||
Høgd | |||
Koordinatar | 32°50′N 35°35′E | ||
Lengd | 21 km | ||
Areal | 166 km² | ||
Volum | 4 km³ | ||
Genesaretsjøen 32.818906°N 35.590033°E / 32.818906; 35.590033 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Sea of Galilee | |||
[1][2] | |||
Lukk
Sjøen er også kjend som Galileasjøen, Tiberiassjøen og Ginossarsjøen. På hebraisk heiter han Yam Kinneret (יָם כִּנֶּרֶת, arameisk יַמּא דטבריא), på arabisk Bahr Tabariye (بحيرة طبريا).[7]