Generalforsamlinga i SN eller hovudforsamlinga i SN er eit av hovudorgana i Dei sameinte nasjonane (SN). Forsamlinga består av alle medlemsland i SN og møte vert haldne i ordinære årlege sesjonar leia av ein president vald av forsamlinga. Den første sesjonen fann stad 10. januar 1946 i London og talte 51 representantar. Forsamlinga møter idag i ordinære sesjonar i SN-bygningen i New York.

Thumb
SNs hovudforsamling

Regulære årlege sesjonar vert normalt haldne frå september til desember. I tillegg kan forsamlinga kallast inn til ekstraordinære sesjonar. Samansetnaden til forsamlinga, funksjonen, styresmakt og prosedyrar er nedfelt i kapittel IV i SN-charteret.

Vedtak i viktige saker som freds- og tryggleiksspørsmål, val av medlemmer til Tryggingsrådet og andre organ, i tillegg til budsjettsaker krev to tredels fleirtal. Andre saker blir avgjort ved simpelt fleirtal. Kvart land har éi stemme. Prinsippet med at små og store land har lik stemmevekt betyr at ein teoretisk koalisjon som til saman utgjer 8 % av folkesetnaden i verda, kan utgjere eit to tredels fleirtal.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.