From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein geigerteljar, også kalla Geiger-Müller-teljar, er eit apparat som måler radioaktiv stråling. Det er kjent for å lage ein karakteristisk tikkelyd.
Sjølve sensoren er eit Geiger-Müller-røyr som er fylt av gass (helium, neon, argon og halogen). Når ein partikkel eller eit foton ioniserer gassen, vil han bli elektrisk leiande ein kort augenblink. Den genererte strømpulsen blir forsterka og kan overførast til eit visarinstrument eller ein skjerm som viser ioniseringsintensiteten, eller som ein lydpuls for kvar ionisering. Tettleiken i gassen kan vera så låg at dei fleste høgenergetiske foton passerer gjennom utan å registrerast.
Geigerteljaren fyrst blei utvikla av Hans Geiger i lag med Ernest Rutherford i 1908. Denne fyrste versjonen kunne berre registrera alfapartiklar. I lag med en av studentane sine, Walther Müller, forbetra Geiger apparatet i 1928 til å kunne registrere fleire typar ioniserande stråling. Den noverande versjonen av geigerteljaen blir kalla ein halogenteljar, og blei funnen opp av Sidney Liebson i 1947.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.