![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d1/Gatun_Lake.jpg/640px-Gatun_Lake.jpg&w=640&q=50)
Gatúnsjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gatúnsjøen (spansk Lago Gatún) er ein stor kunstig innsjø i Panama. Han er ein viktig del av Panamakanalen, både som vassreservoar og av di han utgjer 33 km av kanalen.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Gatúnsjøen | |||
innsjø | |||
Skip må følgje oppmerkte ruter over sjøen, overfløymd skog er framleis til hinder for fri ferdsel. | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Panamakanalen | ||
![]() Gatúnsjøen 9.2°N 79.9°W / 9.2; -79.9 | |||
Wikimedia Commons: Gatun Lake | |||
Lukk
Sjøen kom til mellom 1907 og 1913, då Gatúndemninga blei reist i Chagreselva. Den gongen var dette verdas største jorddemning, og sjøen var verdas største menneskeskapte innsjø. Han har ei overflate på 425 km² ved ei normal vass-stand på 26 m over havflata, då er det 5,2 kubikkilometer vatn i sjøen.
Av di nedbøren i Panama er særs variabel gjennom året, og skipstrafikken gjennom slusene gjer at mykje vatn blir sleppt ut i havet frå sjøen, er forvaltinga av vatnet i sjøen ein viktig del av drifta av Panamakanalen.