Gatekunst (engelsk street art) er ulike typar biletkunst utført i offentlege rom, som gater eller torg. Gatekunst kan vera ikkje-kommersiell og gjerne opprørsk i plassering og utforming, eller ho kan utførast for å gleda og få bidrag av allmugen av ein gateartist.
Banksy er truleg den best kjende street art-kunstnaren. Verka hans blir selde og stilte ut i galleri og museum.
Gatekunst teikna med pastellkritt på fortauet i Guanajuato i Mexico under 4th Madonnari festival i 2012. Slik fortauskunst føregår gjerne openlyst og kan minna om både gateteater og tigging. Motivet på bildet byggjer på eit sjølvportrett av Eugène Delacroix.
Painting in the Global tradition av den nederlandske graffiti-kunstnaren CES53 som har vore aktiv sidan 1985.