Gammleng-prisen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gammleng–prisen er ein pris som vart oppretta av Fond for utøvende kunstnere i 1982, 25 år etter at fondet vart skipa i 1957. Han vert utdelt til utøvarar som har medverka på grammofoninnspelingar eller i sceniske førestillingar på ein fortenestfull måte. Prisen er oppkalla etter Rolf Gammleng, som var sambandsleiar for Norsk Musikerforbund då fondet vart oppretta, og som bidrog sterkast til opprettinga av det. Kvart år blir det delt ut prisar til rundt 10 utøvarar i ulike klassar. Den samla prissummen har dei siste åra vore på 310 000 kroner. Denne summen vart auka til 410 000 kroner i høve 50-årsjubiléet i 2007.