![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c2/Izbornik_page.jpg/640px-Izbornik_page.jpg&w=640&q=50)
Gammalaustslavisk
språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gammalaustslavisk, òg kjent som gammalrussisk (russisk древнерусский) eller gammalrutensk, var eit folkeleg skriftspråk som blei brukt frå 900-talet til 1300-talet av austslavarar i Kievriket og i dei påfølgjande statane som blei danna etter at dette riket braut saman. Det blei snakka dialektvariantar av gammelaustslavisk, i tillegg til andre språk, i om lag det området som er den europeiske delen av Russland, Kviterussland, Ukraina og i delar av dei austlege voivodskapa i Polen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c2/Izbornik_page.jpg/640px-Izbornik_page.jpg)
Sidan språket er ein del av den nasjonale forhistoria til alle austslaverar har det i aukande grad i nyare tid blitt referert til som:
- Gammalkviterussisk (kviterussisk старабеларуская eller старажытнабеларуская мова) i staden for det tradisjonelle overnasjonale старажытнаруская мова eller
- Gammalukrainsk (ukrainsk староукраїнська eller давньоукраїнська мова) eller gammalkievisk språk (давньокиївська мова) heller enn gammalrusisk språk (давньоруська мова)