Gammaherpesvirus (Gammaherpesvirinae) er ein underfamilie av herpesvirus med fire slekter. Dei har pattedyr som vertar. Epstein-Barr-viruset og Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus er døme på gammaherpesvirus.[1]

Kjappe fakta
Gammaherpesvirus
Thumb
Systematikk
Rike: Heunggongvirae
Rekkje: Peploviricota
Klasse: Herviviricetes
Orden: Herpesvirales
Familie: Herpesvirus Herpesviridae
Underfamilie: Gammaherpesvirus Gammaherpesvirinae
Slekter
Lymphocryptovirus
Macavirus
Percavirus
Rhadinovirus
Lukk

Gammaherpesvirus føretrekkjer lymfocyttar som vertsseller.[2] Dei ser òg ut til å føretrekkja løynde infeksjonar over lytisk øksling, der genomet til viruset finst i cytoplasma i form av eit sirkulært DNA-molekyl.[3]

Gammaherpesvirusa kodar alle for tegumentprotein med domene som er homologe til enzymet fosforibosylformylglysinamid-amidotransferase (FGARAT). Korkje alfaherpesvirusa eller betaherpesvirusa har ein slik homologi. Dei FGARAT-homologe virusproteina spelar ei rolle i uverksamgjeringa av antivirusvern i vertssella.[4]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.