![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b2/Galleri_F15_Jel%25C3%25B8y1.jpg/640px-Galleri_F15_Jel%25C3%25B8y1.jpg&w=640&q=50)
Galleri F 15
From Wikipedia, the free encyclopedia
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b2/Galleri_F15_Jel%C3%B8y1.jpg/640px-Galleri_F15_Jel%C3%B8y1.jpg)
Foto: Kvikk
Galleri F 15 er eit kunstgalleri på Alby gard på Jeløy i Moss kommune i Østfold fylke.
Det vart starta av brørne Niels og Lars Brandstrup i 1966 og vart flytta til Alby 1967. Frå 1984 vart det teke over av Moss kommune og Østfold fylkeskommune. Det vart etablert som aksjeselskap i 1993 og fekk statsstøtte som knutepunktinstitusjon frå 1995. Galleri F 15 konsentrerer seg om samtidskunst, og har ei stor internasjonal kontaktflate, særleg mot dei nordiske landa. Galleriet har også vigd stor plass til kunsthandverket. Utstillinga «Tendenser» er frå 1971 arrangert årleg.