![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/22/Heckert_GNU_white.svg/langnn-640px-Heckert_GNU_white.svg.png&w=640&q=50)
GNU Free Documentation License
From Wikipedia, the free encyclopedia
GNU Free Documentation License (GFDL, GNU fri dokumentasjonslisens omsett til norsk) er ein «copyleft» lisens for fritt innhald laga av Free Software Foundation (FSF) for GNU-prosjektet. Den aktuelle versjonen av lisensen er versjon 1.2 som er å finna på GNU si vevside.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/22/Heckert_GNU_white.svg/320px-Heckert_GNU_white.svg.png)
Lisensen er laga for programvaredokumentasjon og anna referanse og intruksjonsmateriell. Den slår fast at alle kopiar av innhaldet, sjølv om det er endra, skal ha den same lisensen. Kopiane kan seljast, men dersom dei blir produsert i større mengder skal ein original gjerast tilgjengeleg som gjer vidare endringar enkelt. Wikipedia er det største dokumentasjonsprosjektet som brukar lisensen.
Mange personar og grupper, t.d Debianprosjektet (basert på deira retningsliner), ser på GFDL som ein ikkje-fri lisens. Grunnane til dette er at GFDL tillet «invariant» tekst som ikkje kan endrast eller fjernast og at forbodet mot DRMsystem hindrar gyldig bruk også.