Gruppa av åtte (G8) er ei gruppe av åtte av verdas leiande industrialiserte land: Frankrike, Italia, Japan, Storbritannia, Tyskland, USA, ( G6, 1975), Canada ( G7, 1976), og Russland (som ikkje er med på alle møta), og EU. Den viktigaste G8-hendinga er eit årleg økonomisk og politisk møte mellom stats- og utanriksleiarane, men G8-landa har også andre, mindre viktige møte og sambarbeidsformer.

Thumb
Landa som er med i G8.

Bakgrunn og historie

Samarbeidsgruppa har røter i oljekrisa i 1973 og nedgangstidene i økonomien som følgde. For å hanskast med dette grunnla USA den såkalla bibliotekgruppa, ei samling av høgtståande statsmenn frå USA, Europa og Japan som hadde med finans å gjera, for å diskutera dei økonomiske problema. I 1975 inviterte den franske presidenten Valéry Giscard d'Estaing statsleiarane frå dei seks største industrilanda til eit møte i Rambouillet og føreslo jamne møte. Det kom i gang årlege møter med presidentskap som gjekk på omgang. Gruppa av dei seks blei kalla G6 og hadde Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Japan, Storbritannia og USA som medlemmer. I 1976 blei Canada med slik at gruppa blei til G7, og etterkvart blei òg Russland med som meir eller mindre fullverdig medlem i det som no heiter G8.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.