Günter Netzer
tysk fotballspelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Günter Netzer (fødd 14. september 1944) er ein av dei største og mest karismatiske fotballspelarane Tyskland har fostra.[treng kjelde] Han er fødd i Mönchengladbach, ein industriby i Nordrhein-Westfalen, og spelte mesteparten av karrieren sin i Borussia Mönchengladbach (1963-1973), der han i fleire år var den suverene kapteinen. På sitt beste var Netzer ein genial midtbanedirigent både på klubb- og landslaget, og saman med Franz Beckenbauer styrte han det landslaget som vart europameister i 1972. I Tyskland vert dette laget rekna som det beste tyske landslaget gjennom alle tider.I finalen slo Vest-Tyskland Sovjetunionen med 3-0, og desse elleve spelte kampen: Sepp Maier, Bayern München, Horst-Dieter Höttges, Werder Bremen, Franz Beckenbauer, Bayern München, Georg Schwarzenbeck, Bayern München, Paul Breitner, Bayern München, Uli Hoeness, Bayern München, Günter Netzer, Borussia Mönchengladbach, Herbert Wimmer, Borussia Mönchengladbach, Jupp Heynckes, Borussia Mönchengladbach, Gerd Müller, Bayern München, Erwin Kremers, Schalke 04.
![]() Günter Netzer i 2005 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødselsdato | 14. september 1944 (79 år) | ||
Fødestad | Mönchengladbach i Tyskland | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1963-1973 | Borussia M'gladbach | 297 | (108) |
1973-1976 | Real Madrid | 85 | (9) |
1976-1977 | Grasshoppers | 26 | (3) |
Totalt | 408 | (120) | |
Landslag | |||
1965-1975 | Vest-Tyskland | 37 | (6) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |