Føydalisme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Føydalisme eller feudalisme er eit arkaisk samfunnssystem med institusjonaliserte skilje mellom stender, der kongen eller keisaren som øvste herskar gav jord og makt til vasallar. Denne statsforma har røter langt attende i tid, og er mellom anna kjend frå tidlegare asiatiske samfunn. I Europa vert føydalismen særleg knytt til høgmellomalderen, frå kring 1000–1300, ofte under nemninga lensvesen. Det latinske ordet feudum tyder len.
Ein fekk ei desentralisering av forvaltinga, der vasallane fekk makt på kostnad av sentralmakta. Den økonomiske strukturen bygde på relativt økonomisk sjølvforsynte storgods, der bøndene arbeidde på godseigaren si jord og leverte frå seg store delar av utbytet i form av naturalia.