From Wikipedia, the free encyclopedia
Fyrst Voldemort (fødd Tom Dredolo Venster 31. desember 1926, daud 2. mai 1998), også kjend som «Han-hvis-navn-må-være-unevnt», er ein fiktiv karakter og antagonist i bøkene om Harry Potter av J.K. Rowling. Voldemort opptrer i alle bøkene i serien med unntak av den tredje boka, Harry Potter og fangen fra Azkaban.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Fyrst Voldemort var son av heksa Miseria Mørch og gompen Tom Venster senior. Gjennom morsslekta var han etterkommar etter trollmannen Salazar Smygard, ein av grunnleggjarane av Galtvort skule for hekseri og trolldom.
Tom Venster sr. vart forført av Miseria Mørch ved hjelp av ein kjærleiksdrykk. Ein gong etter at ho hadde blitt gravid, slutta Miseria å gje Tom Venster sr. kjærleiksdrykken. Då verknaden slutta, forlét han både Miseria og det ufødde barnet. Miseria hadde økonomiske vanskar og selde mellom anna det einaste ho hadde av arvegods, ein medaljong som ein gong hadde høyrd til Salazar Smygard. Ei desembernatt banka ho på ein barneheim i London, der ho fødde ein son før ho sjølv døydde. Ho hadde bestemt at barnet skulle heite Tom etter far sin, og Dredolo etter hennar eigen far.
Tom voks opp på barneheimen og året han fylte elleve kom Albus Humlesnurr på besøk for å fortelje Tom at han er ein trollmann, slik at han kan byrje som elev på Galtvort. Fru Kolle blir overraska over at Humlesnurr kjem på besøk, sidan Tom aldri før har hatt noko som helst familiebesøk. Fru Kolle beskriver Tom som «ein underleg gut» og fortel at han skremmer og tyranniserer dei andre borna som bur på barneheimen.
Ho fortel om mange episodar, som då Billy Stubben si kanin vart hengt ein dag etter Tom og han hadde krangla. Ho skjøna ikkje korleis Tom kunne fått det til og at han hadde sagt at han ikkje hadde gjort det. Men ho forstod heller ikkje korleis kaninen kunne ha hengt seg sjølv frå ein takbjelke.
På barneheimen pleidde dei å ta med ungane ut på tur ein gong i året, og ein gong etter «sommarturen» hadde Anna Baffel og Dennis Bisp aldri vore seg sjølve igjen. Alt dei hadde fått ut av dei var at dei hadde vore i ei hole med Tom Venster.
Då Humlesnurr møtte Tom, trudde Tom fyrst at han var ein lege av noko slag fordi han meiner Fru Kolle vil ha han undersøkt. Tom var uhøfleg og sta, og sa han var annleis enn dei andre borna. Humlesnurr svara han kanskje kunne ha rett i det. Då han fortalde Tom at det han kunne gjera var magi, vart Tom svært opphissa og fortalde om alt han fekk til. Han sa at han kan få ting til å flytte på seg utan å røre dei, få dyr til å gjere som han vil, utan å dressere dei, få det til å gå dårleg med folk som irriterer han og pine dei, viss han ville. Humlesnurr stadfesta då at han er ein trollmann. Toms reaksjon på dette var at ansiktet hans blir som forandra - det viste lukke, samtidig som utrykket blei meir dyrisk.
Tom viste stor interesse for å klare seg sjølv og heldt fram med å vera uhøfleg. Han viste også at han mislikar namnet «Tom» sterkt, at han ønskjer å vere original. (Dette er ein grunn til at han seinare lagde seg eit nytt namn, «Voldemort Den Store»). Tom trudde lite på at mora hans var ei heks, sidan ho døydde etter å ha fødd han.
Tom Venster som tenåring blir skildra i bøkene som bleik, mørkhåra og vakker. Han skal ha vore flink til å smiske og heilt sidan Toms fyrste dag på Galtvort hadde lærarane hatt inntrykk av han som ein høfleg, stille og kunnskapstørst gut. Han viste slett ikkje noko teikn til arroganse eller aggresjon og blei aldri teken på fersken i ei vond gjerning.
Humlesnurr hadde ein mistanke om at han ikkje var til å stole på etter det Tom fortalde på barneheimen, men ante aldri at guten han hadde møtt skulle bli den farlegaste trollmannen nokonsinne. Han sa aldri til nokon det Tom hadde fortald han og bestemte seg for å gje han ein sjanse, slik at Tom kunne få eit nytt liv gjennom Galtvort.
Tom tenkte han aldri skulle ha fortalt alt det han sa til Humlesnurr på barneheimen og at han lekka ut litt for mykje informasjon. Tom prøvde aldri å smiske seg innpå Humlesnurr som på resten av lærarane.
I det siste året sitt opna Tom Venster, som då allereie hadde funne tittelen sin «Voldemort», Mysteriekammeret. Etter å for lengst ha funne ut at han har sjølve Salazar Smygard sitt blod i årene, avla Tom fram ein basilisk. Dette resulterte i at ei jente døydde og Tom laga ein malacrux.
Malacrux | Drapsoffer ved handlinga | Gøymestad | Øydelagt med | Øydelagt i | Øydelagt av |
---|---|---|---|---|---|
Tom Vensters Dagbok | Stønne-Stina | Lucius Malfang passa på henne | Ei basilisktann | I Mysteriekammeret på Galtvort Harry Potter og Mysteriekammet | Harry Potter |
Helga Håsblås sitt beger | Hepzibah Smith | I Flirgott i Bellatrix DeMons sitt kvelv | Basilisktann | I Mysteriekammeret på Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene | Hermine Grang |
Nagini | Bertha Jorkins | Ikkje gøymt, men Voldemort sitt kjæledyr | Gudrik Griffing sitt sverd | På Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene] | Nilus Langballe |
Dredolo Mørchs ring | Tom Venster Senior (Far hans) | Mørch-huset i Harry Potter og halvblodsprinsen | Gudrik Griffings sverd | Mørch-Huset | Albus Humlesnurr |
Ravnklos diadem | Ein albansk innbyggjar (bonde) | I Nødvendighetsrommet på Galtvort | Ei basilisktann og ein formel med Satanstunger | På Galtvort i Harry Potter og Dødstalismanene | Vincent Krabbe |
Smygards Medaljong | Ein gompelandstrykar | I ei hole ved havet | Gudrik Griffings sverd | Ein skog i England i Harry Potter og Dødstalismanene | Ronny Wiltersen |
Harry Potter | Forsøk på å myrde Harry Potter | Ikkje gøymd | Trylleformelen Avada Kadavra | Den forbodne skogen i Harry Potter og Dødstalismanene | Fyrst Voldemort |
Salazar Smygard | | : : | | Dredolo Mørch _____|__________ | | Tom Venster Sr. + Miseria Mørch Morfus Mørch | Tom Dredolo Venster (Lord Voldemort)
Etter at Voldemort får tilbake kroppen sin i den fjerde boka, skriv Rowling at Voldemort har bleik hud, eit kritkvitt, hodeskalle-liknande ansikt, slange-liknande opningar som nasebor, raude auger og katte-liknande pupillar, ein kropp tynn som eit skjelett og lange, tynne hender med unaturleg lange fingre. [14] Som nemnt i fyrste kapittel av den sjuande boka, han ikkje hår eller lepper. Tidlegare i livet, sett gjennom flashbacks som finst i den andre og sjette boka, var Tom Dredolo Venster veldig kjekk [21] og høg med bleik hud, kullsvart hår og mørke auge. Han kunne sjarmere mange menneskjer med utsjånaden sin. Transformasjonen i hans monstrøse tilstand er sannsynlegvis resultatet av å skape malacruxane sin, som gjorde at han vart mindre og mindre menneskeleg ettersom han fortsette å dele sjela si. [23] I filmane er auga til Voldemort blå med runde pupillar.
Voldemort sitt fødenamn var Tom Dredolo Venster (på engelsk: Tom Marvolo Riddle). Av dette namnet laga han anagrammet «Voldemort den store» (på engelsk: «I am Lord Voldemort»). Han er også kalla Han du veit, Han med namnet som ikkje må nemnast, Herren over Mørkret.
I filmatiseringane av Harry Potter-bøkene blir Voldemort portrettert av Ralph Fiennes i filmane frå Harry Potter og ildbegret (2005) til Harry Potter og dødstalismanene - del 2 (2011). Richard Bremmer portreterte karakteren i Harry Potter og de vises stein (2001), mens Christian Coulson og Hero Fiennes-Tiffin spelte rollen som yngre versjonar av karakteren - Coulson i Harry Potter og Mysteriekammeret (2002) og Fiennes-Tiffin i Harry Potter og Halvblodsprinsen (2009).
Fyrst Voldemort har blitt parodiert i m.a. Potter puppet pals og A Very Potter Musical. Under opningsermonien i summer OL 2012 hadde Voldemort ei lita rolle som ein av fiendane i britisk barnelitteratur.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.