![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e4/Vegavistree.png/640px-Vegavistree.png&w=640&q=50)
Fuglar etter klassifisering
From Wikipedia, the free encyclopedia
Alle verdas nolevande fugleartar kan delast inn i hierarkiske grupper etter klassisk, evolusjonær systematikk. Oversynet i lista under viser alle biologiske ordenar og familiar. Kvar familie er igjen delt inn i slekter og artar, men dette er ikkje vist her.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e4/Vegavistree.png/320px-Vegavistree.png)
Rekkefølgja av familiane og talet på artar er etter IOC-verdslista forvalta av Frank Gill og David Donsker på vegne av International Ornithological Committee (IOC).[1]
Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2] 2024-revisjonen av IOC-verdslista tar med 11 032 nolevande artar totalt, desse er plasserte inn i 44 ordenar, 252 familiar og 2347 slekter.