Friidrett under Sommar-OL 2020
From Wikipedia, the free encyclopedia
Friidrettsøvingane under Sommar-OL i 2021 i Tokyo vart avvikla i tida 31. juli til 8. august 2021. Det vart tevla i 48 øvingar, 24 for menn og 23 for kvinner, dessutan i ein 4 x 400 meter stafett med 2 menn og 2 kvinner på laget. Alle dei 43 baneøvingane fann stad på olympiastadion, medan dei fem gatetevlingane; tre i kappgang og to i maraton, vart avvikla i Sapporo.
Tre verdsrekordar såg dagens lys i leikane. Karsten Warholm forbetra sin eigen ferske verdsrekord i 400 meter hekk til fabelaktige 45,94 sekund, same dag 1. august sletta Yulimar Rojas frå Venezuela den 27 år gamle verdsrekorden i tresteg for kvinner då ho i sjette og siste omgang klemte til med 15,67 meter. Også i 400 m hekk for kvinner vart det ny verdsrekord då Sydney McLaughlin frå USA flytta sin fem veker gamle rekord til 51,46 sekund. I tillegg til desse olympiske rekordane, vart det også sette fem andre olympia-rekordar. Mellom desse fem må ein nemne Jakob Ingebrigtsen sitt 1500-meterløp på 3.28,32, Damian Warner frå Canada med 9 026 poeng i tikamp og Jamaicas Elaine Thompson-Herah med 10,61 sekund på 100 meter.
Noregs utøvarar sanka to gullmedaljar og ein sølvmedalje, den beste norske medaljehausten i nokon sommarolympiade. Nemnde Karsten Warholm og Jakob Ingebrigtsen vann gull, sleggjekastaren Eivind Henriksen forbetra den norske rekorden i øvinga til 81,58 meter og vann sølv.